Ulstein Fjernvarme pumpar store mengder med sjøvatn frå djupna ute i fjorden og inn til land. Der vert energien overført til landnettet som er ferskvatn. På land vert vatnet pumpa rundt i byen i to sløyfer, ei mot aust og ei mot vest. Begge med forgreiningar undervegs i traseen. Ute i anlegget er det lokale energisentralar som nyttar varmepumpeteknologi. Vi kan tilby både varme og kjøling. Etter energisentral står kundesentral, som i praksis er bindeleddet mellom Ulstein Fjernvarme og kunde.
I utgangspunktet kan alle som er langs traseen, få fjernvarme. Men for mindre einingar, som til dømes einebustader, vil ein måtte vurdere kvart enkelt tilfelle. Dersom det er fleire einingar i området, og oppvarminga i bustaden(e) er basert på vassboren varme, så kan det vere aktuelt å tilby ei løysing.
Nye utbyggingsområde som ligg langs eller i nærleiken av hovudtraseen, vil heilt klart kunne hauste fordelar av å nytte vår løysing om ein planlegg dette frå starten av. Større bygg, til dømes leilegheitskompleks, kontorbygg, kjøpesenter, skular, hotell og andre større bygg som har eit visst energibehov, er aktuelle.