Utbygging av infrastruktur Sjøgata del 1 ferdig
Utbygging av 1.byggetrinn i sjøgata er ferdig.
15.mai 2014 vart fyste byggetrinn av Sjøgata ferdigstilt, og vi har med det nådd endå ein milepel. No tek neste byggetrinn til, der fjernvarmerøra skal gå vidare vestover og på sikt vidare mot Rolls Royce. Utbygginga held fram som føreset, og ein reknar med å starte prøvedrift av infrastruktur mot slutten av 2014.